Årdøler for Seimsdalstunnelen

Trygg, moderne og framtidsretta trafikkavvikling!

1
Featured

Gå direkte til ...

Visste du at ...

  •  ... i 2008 var trafikkmengda pr. døgn i Seimsdalstunnelen omlag den same som for Lærdalstunnelen?
  • ... den 1. oktober 2009 gjorde kommunestyret i Årdal vedtak om å gå for ei løsing som gjer den smale Seimsdalstunnelen enda smalare?
  • ... den valgte løysinga ikkje er iht. vegnormalen?
  • ... den valgte løysinga er ei løysing berekna for ei trafikkmengd som er mindre enn 1/3 av dagens?

Facebook...

Innlogging

sognogfjordaneardalI sakspapira til det komande formannskapsmøtet i Årdal kommune, går det fram at rådmannen vil legge fram forslag til innspel frå Årdal kommune ang. RTP 2013-2024. Me gjengir her utrag frå dei delane av forslaget som omhandlar Seimsdalstunnelen. Formannskapsmøtet går av stabelen 03-okt-2013.


I delen for drøfting heiter det:

"Årdal kommune er oppteken av trafikktryggleik. Tunnelbrannen i Gudvangatunellen har mint oss på at tunneltryggleik bør få ein høgare prioritet framover".

"Rådmannen merker seg det som positivt at Seimsdaltunnelen er inkludert under store inversteringsprosjekt. Likevel kan ikkje kommunen vere nøgd med at prosjektet er prioritert som nummer 12 av 12 prosjekt.

Seimsdaltunnelen er svært viktig for utvikling og kommunikasjon innad i Årdal. I Seimsdalen er størsteparten av dei ledige kommunale tomtene, og i kommuneplanen sin arealdel frå 2012 er ein ny gang- og sykkelveg til Seimsdalen peika ut som eit svært viktig element i kommunen sin tettstadutvikling.

Tunnelen er etter rådmannen si meining svært trafikk- og brannfarleg og ein rapport frå Statens vegvesen (Oppdatering og utviding av rapport 2009/083229-1) har slått fast at tunnelen ikkje [er] i samsvar med dagens vegnormalar og sårt treng vedlikehald og oppgradering.

Tunnelen har store manglar teknisk, m.a når det gjeld stort omfang av brannfarleg PE-skum, svært dårleg brann-, rømnings- og redningstryggleik, dårleg lysanlegg og dårleg dekke.

Tilrettelegging for mjuke trafikantar eksisterar ikkje, dette til tross for at tunnelen er den einaste vegen inn og ut i Seimsdalen med omtrent 470 personar. Tunnelen hadde ein ÅDT på 1050 i 2011 og vi veit at tunnelen blir mykje brukt både av gåande og syklande.

Rådmannen er derfor oppteken av at Seimsdaltunnelen må prioriterast høgare opp fordi den har store manglar teknisk og fordi blandinga av mjuke trafikantar og kjøretøy er svært trafikkfarleg."

I delen for tilråding:

"Årdal kommune merkar seg at fv. 303 Seimsdalstunnelen er kome med på prioriteringslista til store investeringsprosjekt. Likevel har Statens vegvesen slått fast at Seimsdalstunnelen heilt klart treng opprustning (Oppdatering og utviding av rapport 2009/083229-1). At mjuke trafikantar og kjøretøy delar ein så trafikk- og brannfarleg tunnel m.a utan brannvifte og naudnett er ikkje tilfredsstillande.

Kommunestyret meiner derfor at prosjektet må prioriterast høgare opp på lista".

 

"Årdøler for Seimsdalstunnelen" helsar desse innspela velkomne og me vonar dei blir tekne til fylgje lenger ut i fjorden.