Årdøler for Seimsdalstunnelen

Trygg, moderne og framtidsretta trafikkavvikling!

1
Featured

Gå direkte til ...

Visste du at ...

  •  ... i 2008 var trafikkmengda pr. døgn i Seimsdalstunnelen omlag den same som for Lærdalstunnelen?
  • ... den 1. oktober 2009 gjorde kommunestyret i Årdal vedtak om å gå for ei løsing som gjer den smale Seimsdalstunnelen enda smalare?
  • ... den valgte løysinga ikkje er iht. vegnormalen?
  • ... den valgte løysinga er ei løysing berekna for ei trafikkmengd som er mindre enn 1/3 av dagens?

Facebook...

Innlogging

alertI samband med at høyringsfristen for innspel til Regional Transportplan 2014-2023 for Sogn og Fjordane har frist til 27. september, har me sendt fylgjande uttale til Fylkeskommunen:

"Innspel til RTP 2014-2023 Sogn og Fjordane frå Årdøler for Seimsdalstunnelen

Me viser til vedlagt underlagsdokument frå Årdøler for Seimsdalstunnelen:

- Brannen i Gudvangatunnelen viser at tunnelbrann kan få fatale følger. Seimsdalstunnelen er den farlegaste av fylkestunnelane mhp. brannfare pga. store mengder udekka PE-skum, svakt lys, manglande bolting samt manglande brannventilasjon.

- Det er svært stor risikoeksponering for mjuke trafikantar, då dei ikkje er skilt frå biltrafikk.

- Me finn det uansvarleg at den farlegaste tunnelen i Sogn og Fjordane står på sisteplass på marginallista.

Me krev med dette at Fv. 303 Seimsdalstunnelen blir innstilt høgt på prioriteringslista for RTP 2014-2023".

I tillegg har me vore i Leikanger og hatt møte med fylkesgruppene for Arbeidarpartiet og Senterpartiet.