Årdøler for Seimsdalstunnelen

Trygg, moderne og framtidsretta trafikkavvikling!

1
Featured

Gå direkte til ...

Visste du at ...

  •  ... i 2008 var trafikkmengda pr. døgn i Seimsdalstunnelen omlag den same som for Lærdalstunnelen?
  • ... den 1. oktober 2009 gjorde kommunestyret i Årdal vedtak om å gå for ei løsing som gjer den smale Seimsdalstunnelen enda smalare?
  • ... den valgte løysinga ikkje er iht. vegnormalen?
  • ... den valgte løysinga er ei løysing berekna for ei trafikkmengd som er mindre enn 1/3 av dagens?

Facebook...

Innlogging

"Årdøler for Seimsdalstunnelen" har hatt som filosofi å samle og bekjentgjere fakta om Seimsdalstunnelen. Samlingen av fakta har resultert i mange utgåver av det me internt kallar "Blekka". "Blekka" er for oss eit levande dokument, som til einkvar tid reflekterar den kunnskapen og fokus me har på Seimsdalstunnelen.

For den som er interessert, kan "Blekka" (pdf) lastast ned her: "Blekka" Rev5 2013

Me nemner:
Utildekka PE-skum vart forbudt brukt i nye tunnelar i 1997.
Brannsjefen i Tromsø ser på utildekka PE-skum som bensin i fast form.
Forskning viser at brann i PE-skum når 1000 grader på eit par minutt.
Seimsdalstunnelen har nesten 4000 kvadratmeter utildekka PE-skum, fordelt på 16 felt.
Med tanke på trafikkmengde og mengde utildekka PE-skum er Seimsdalstunnelen ikkje berre den verst stillte i Årdal, men også den verste blant fylkesvegstunnelane i Sogn og Fjordane.

I følge beredskapsplanen for Seimsdalstunnelen kan ikkje brannvernet gå inn i tunnelen om røyken kjem ut på Tangensida...

I 2003 hadde brannvernet som har ansvar for Brattlitunnelen brannøving i tunnelen, der scenarioet var kollisjon mellom bil og skulebuss, med etterfylgjande brann. Brattlitunnelen (nord i Noreg) har ca. 1/3 av trafikkmengda til Seimsdalstunnelen.

I januar 2013 var det brann i Brattlitunnelen, der PE-skum tok fyr. Brannmannskapet måtte gi opp sløkkinga. Det brann i fire døgn. Tunnelen var heilt stengt i to månader.